
Om klassene

MJUK YOGA & YIN YOGA
Dette er ein roleg time som passar alle, kvinner som menn! Også gravide. Klassene starta roleg, og tek med seg det sakte vidare innover i timen. Ein utforskar samspelet med pust, å vere tilstandes i kroppen og mjuke rørsle. Lang og god avspenning. Mindfullness øvingar. Kan enkelt tilpassast absolutt alle. Vi har bolster, blokker, tepper, yogaband, matter og augeposar til kvile og støtte. Krev ingen forkunnskap. Nærande og oppbyggande klasser. Fint supplement til ein meir aktiv livvstil, men også aleine som praksis
ASHTANGA YOGA
er ein meir fysisk krevande yogastil der pust, bevegelse og meditasjon/fokus/konsentrasjon kjem saman. Ashtanga yoga passar i prinsippet for alle. Alle som kan puste kan gjere yoga. Ein treng ingen forkunnskap, kun eit ope sinn og eit ønske om å prøve. Stilen er basert på fleire tusen år gamle skrifter og tradisjonar. Sri K. Pattabhi Jois (Guruji) frå Mysore i India, er mannen som utvikla denne yoga retninga. Det finnast meir enn 300 stillingar ein kan lære seg, men ved Optimal underviser vi i hovudsak dei i første og andre serien (sist nemnte for dei som har halde på ei stund, og har ein jamn praksis). Det er ei effektiv form for trening, som gir ekstra kroppskontroll, løyser opp spenningar, gir styrke, smidigheit, energi og eit rolegare sinn. Det heilskapelege perspektivet og dei positive effektane har gjort Ashtanga yoga særs populært dei siste åra.
I Ashtanga yoga er dei fysiske øvelsane eit hjelpemiddel for å utforske og utvikle sitt potensiale både fysisk og mentalt. Rekkefølgen av stillingane er nøye sammensatt. Kvar stilling førebur for den neste, slik går ein igjennom alle kroppens rørsler og områder. Eit viktig kjenneteikn ved Ashtanga yoga er vinyasa-prinsippet. Vinyasa tyder synkronisert pust- og bevegelsessystem, og bidreg til ein dynamisk flyt mellom kvar stilling. Pusten er “tråden” som binder stillingane (som perler på ei snor) saman.
Mange opplever ein meditativ tilstand i bevegelse. Klassene vert alltid avslutta med ei god avspenning på matta.
Rørsle – Fokus – Konsentrasjon – Indre Ro – Kvile


ASHTANGA NYBYRJAR
Lukka kurs. Ei grundig gjennomgang av Ashtanga yoga – ein lærer halve første serien, nokre pusteøvingar og dei avsluttande øvingane. Grundig gjennomgong av teknikk og prinsipp. Legg eit fint godt grunnlag for dei andre klassene og for å kunne kome i gong heime. Pris; 1750, – for 10 gongar inkl fri trening i treningsenteret våre i kursperioda. Opphald i skuleferiar.
ASHTANGA I/II
ASHTANGA FOR ALLE
Lukka kurs. Ei grundig gjennomgang av Ashtanga yoga – ein lærer halve første serien, nokre pusteøvingar og dei avsluttande øvingane. Grundig gjennomgong av teknikk og prinsipp. Legg eit fint godt grunnlag for dei andre klassene og for å kunne kome i gong heime. Pris; 1750, – for 10 gongar inkl fri trening i treningsenteret våre i kursperioda. Opphald i skuleferiar.


ASHTANGA YOGA II / III
For dei som har utøvd yoga ei stund, og har kjennskap til ashtanga serien. Timen er på ca 75 – 90 min. Denne timen er ikke åpen for prøvetime då dette passar betre på ein kortare time med litt meir forklaringar etc. Leda klasse, miks. Kjører av og til full første serie, med alterantiv på dei meir avanserte stillingane for dei som ikkje er kjent med desse.
Mysore Style / Eigenpraksis / Morgon Yoga Saman;
Ei klasse der ein lærar er tilstades for å rettleie kvar enkelt der ein har behov for det, i ashtanga serien. Passar alle. Ein fin fin start på dagen når vi har det på morgonen – og ein får praktisere i sitt eige tempo, – si rytme med sin pust. Nydeleg og vakkert samspel. Det var slik det tradisjonelt vart lært vidare i Mysore – India – der Ashtanga Yogaens “krybbe” er. Derav namnet Mysore Style. Ein kom inn slik ein var, og lærte seg solhelsingane, så gradvis vidare. Slik vert ein trygg i serien og kan lettare også ha en stødig eigenpraksis heime eller kor som helst. Ein kjem når det passar mellom 06.30 – 8.00 – rullar roleg ut matta si å startar. Her er absolutt lov å spørre om hjelp, om ein gløymer, om ein lurer på noko teknisk, eller korleis kome seg “rundt” ei skade/begrensing som ein har. Lærar tilgjengeleg til ca kl.8 – men ein må gjerne halde på lenger om ein vil det. Rull sammen matta roleg når du har forlatar rommet av omsyn til andre som praktiserer eller ligg i avspenning / Savasana. Legg gjerne tinga dine utanfor.
Vi har også eit tilbod om eigenpraksis/MorgonYoga saman om morgenen då ein eller fleire av lærarane er tilstades, men praktiserar sjølve. Det er fortsatt fint å kunne praktisere sammen, det kjennes mykje lettare å vere saman i eit fellesskap. Så er lærarane der å hjelper deg der du treng – (då berre spør du dei som er der) i t.d bindningar, bru, hovudståande o.l. Akkurat no heiter denne klassa MorgonYoga Saman - kom når du vil i tidsrommet mellom 06.30 og 08.00. Gjer din praksis, det vere seg pust, meditasjon, fysisk meir dynamisk yoga, yin yoga eller andre morgon øvingar. Det viktigaste her er å kjenne på den gode energien og støtta det gir å møtast for og praktisere noko saman. Den beste starten på dagen :)
Rørsle
Flyt
Kvile


