top of page

Instruktørar

IMG_8071_edited.jpg
SYLVI

For Sylvi er Ashtanga eit kjært hjelpemiddel i møtet med livets utfordringar. Sylvi meiner at yoga er for ALLE, både store og små. Behovet for å roe ned og oppleve ei stille stund vert berre viktigare i eit samfunn som stadig aukar i tempo. Sylvi har RYT200 i Ashtanga yoga og underviser i hovudsak herreyoga.



IMG_8063.heic
MARIANNE

Marianne brenn for rørsleglede, og er oppteken av at yoga er for alle, i alle faser i livet, og at den alltid kan tilpassast kvar enkelt. Yoga er som eit helsesystem for heile menneske. Marianne jobbar til dagleg som kiropraktor, elskar å vere aktiv i naturen og har tre born. Ho har bak seg RYT200 i ashtanga yoga, og underviser både ashtanga og mjuk yoga.



IMG_8127.heic
MARITA

Vår *one and only* pilatesinstruktør! Marita held timar for både nybyrjarar og avanserte grupper. Om ein vil ha privat eller duett-timar, skreddarsyr Marita eit opplegg på dette. Marita er oppteken av å tilrettelegge til kvar enkelt sine behov, og avsluttar alltid timane med ei god avspenning.

IMG_8214.heic
STINA
Screenshot 2021-11-20 at 4.14.18 PM.png
INGER KRISTINE
Screenshot 2021-11-20 at 4.11.58 PM.png
MARIT

Tilflyttande Stina finn mykje yoga i den sunnmørske naturen - ein stad å berre vere, der sansane kan ta plass og intellektet får kvile. Under ei lengre sjukdomsperiode har yoga vore eit uvurderleg verkty for Stina. Ho er utdanna Livsstyrketrenar der mellom anna mindfullness og yoga er mykje brukt. Hos oss underviser ho Yin yoga.

Inger Kristine er ein ivrig ashtangautøvar, men elskar alle typer yoga. Bak seg har ho RYT200 i både Hatha yoga og Ashtanga yoga, i tillegg til fleire studieturer til Ashtanga sin fødestad, Mysore. Ho underviser i Ashtanga yoga, og ønsker å skape ei trygg og god stemning i klassene sine med tilpassingar for dei som ønsker og treng det.


Med konstant uro i kroppen fann Marit løysinga gjennom Ashtanga yoga. Her fekk ho knyte pust saman med rørsle og slik både få utløp for energi og å roe ned kropp og sinn. Dei siste åra har Marit bevega seg mot ei rolegare yogaform og har både RYT200 i Ashtanga yoga og toårig terapeutisk yogautdanning. I haust tilbyr ho kurs i Yoga nærvær.

bottom of page