top of page
_DSC3629.jpg

Pilates

PILATES

KVA ER PILATES

Joseph H. Pilates byrja tidleg på 1920-talet å utvikle eit treningssystem som var basert på austens idear om balanse i kropp og sjel, og vestens idear om trening av styrke. Ved å kombinere dette skapte han ein treningsmetode med mjuke kontrollerte øvingar i kombinasjon med konsentrasjon og djup pust. Han kalla sjølv metoden sin for “Contrology”, som i dag er kjent som Pilates. Dette er ei komplett form for trening, som gjer muskulaturen både sterk og fleksibel. Den har også god effekt ved rehabilitering av ulike skadar.

Hovudprinsippa i Pilates

 Fokus – konsentrasjon

Sentrering – kvar rørsle startar i mageregionen

Pust – samsvar mellom pust og rørsle

Kontroll og presisjon – auka kroppserkjennelse

Flyt mellom øvelsane

It’s the mind that controls the body

(J.H. Pilates)

_DSC3618.heic

PILATES PASSER FOR ALLE

Pilates-trening passar for alle, uansett alder og fysisk form. Treninga styrkjer din prestasjonsevne utan stor risiko for skadar grunna skånsam framtoning.

Pilates er egna som treningsform uansett kva mål du har med treningen.  Om målet er å byggje ein sterkare og smidigare kropp, kome i form etter fødsel, forebyggje skadar, eller å gjenoppbygge kroppen etter skade.

Det fokuserast på heilheita i treninga, og legger vekt på presis utføring framfor repetisjon, og kvalitet framfor kvantitet.

 

Personleg trening, og trening i små intime grupper

Vi har gruppetimar i pilates, men kan også tilby duett eller privat etter avtale. Gruppetimane føregår på matte med ulike typar utstyr som: ballar(triadball), magic circles, foam ruller, lette manualar og thera-band. Gruppene er små, maks 6 – 8 personar, for best muleg individuell rettleiing.

 

Pilates  – ein meir krevjande time for deg som har kjennskap til pilates.

Pilates for Alle  – ein rolegare time, med meir høve til å tilrettelegge meir. Passar godt for deg som vil ha prøvetime også, og for gravide. Ingen problem å tilpasse alle - også dei meir erfarne som treng meir utfordringar.

_DSC4605.jpg
_DSC3612_lys.heic

KVA PILATES KAN GJERE FOR DEG?

Klassisk Pilates er ein effektiv treningsform som styrker kroppens kjernemusklatur. Du får ein sterkare kropp, meir energi, auka konsentrasjon og fleksibilitet. Regelmessig pilatestrening vil gi deg betre kroppshaldning, auka koordinasjonsevne og betre balanse.

Rørsle

Flyt

Kvile

bottom of page